page view image

Littlarm 2026: Protestviser

Frå Blowing in the wind til Bella Ciao

Informasjon
event image

Protestviser som sjanger kan seiast å ha sitt opphav i USA. På 1960-talet gjorde artistar som Bob Dylan og Jon Baez sjangeren verdskjend. Desse stod på skuldrane til songarar frå borgarrettsrørsla og arbeidarrørsla som til dømes Billie Holliday og Woody Guthrie. Den har sterke tradisjonar verda over, som chilenske Victor Jara eller den kjende italienske kampsongen Bella ciao. Protest-sjangeren har hatt sine opp- og nedturar sidan. No er tida atter inne for heve knyttneven og plukke opp att kassegitaren. I samarbeid med LO og Bygdalarm inviterer Kvam mållag til ei ny runde med Littlarm og gjendiktar-tevling. Du vert utfordra til å gjendikte utanlandske protestsangar til dialekt eller nynorsk. Lat deg inspirera av best of-lister og platesamlinga til foreldra eller besteforeldra dine, la den ikkje-kunstige intelligensen kitla hjernetrådane og trommehinna. Dersom songen ikkje er ein openberr representant for sjangeren ber me innsendaren om å gjere kort greie for kvifor dette er ei protestvise. Ein jury går gjennom dei innsendte gjendiktingane og dei tre beste vert framførte av Littlarm sitt handplukka protestviseband laurdag 4. juli i det nydelege Kulturnaustet på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte